Ösophagogastroduodenoskopie

januar 25, 2008 av lamapakk

Lars har stadig tilbakevendande halsbetennelsar, og røystlækjaren finn ikkje ut årsaka. Lars blir frustrert og lei, og røystlækjaren luftar tanken at det kan ha noko med magesyra å gjere. Ho kan nemlig kome opp om natta dersom kroppen ikkje fungerer som han skal, og betenne vevet i halsen.

- Sie brauchen eine Magenspiegelung, seier røystlækjaren. Gastroskopi.

Lars fer til magelækjar Heinz og legg seg på pasientbenken, klar for å endeleg finne årsaka til plagene sine.

Inn kjem først ein pleiar, og sprayar bedøvingsspray i ganen til Lars. Så kjem ein til, så ein tredje. Lars blir meir og meir uroleg. Til slutt kjem Dr. Heinz. – Skulle eg ha takka ja til narkosen? tenkjer Lars. – Neida, det går fint. Sei tapfer.

Så byrjar det. – Den slangen var jammen lang gitt, tenkjer Lars. – Og litt tjukkare enn eg hadde trudd.

Biteringen med hol i midten vert festa mellom tennene. – Tenk innpust, tenkjer Lars. Inn gjennom holet går slangen. – Oi, tenkjer Lars. Lars brekk seg for første gong. To av pleiarane held hovudet til Lars så han ikkje skal skade seg i krampetrekningane. Dr. Heinz freistar få ned slangen med hjelp frå den tredje pleiaren.

Men røret over Lars etelòk seier – Nei. Eg opnar meg ikkje. Etter eit minutts hin und her må lækjaren ta ut igjen slangen, og presse ned Lars si tunge med handa.

Då vert eterøret lurt, og slangen snik seg inn. Og nedover går det. For kvart stadium brekk Lars seg, den eine gongen litt sterkare enn den førre. Det kjem lydar frå Lars som ikkje kan transkriberast med bokstavar.

Når slangen går inn i magen, vert luft pressa ut av sekken. Dette fører til at Lars sender sin til no kraftigaste rap opp i andletet på pleiar nr. 1.

Etter kvart høyrer Lars ordet Zwölffingerdarm. – Er ikkje det, tenkjer han før han vert avbroten av at noko dunkar mot bekkenet hans frå innsida. Lars tenkjer at det kjennest ut som lækjaren har stappa heile armen ned i magen hans.

Tårene renn, og slevet flyt over. Han tenkjer at dette er ubehageleg.

For å lette litt på stemninga tenkjer han at han ligg på ein operasjonssal i eit militærsjukehus og får livsviktig behandling etter ein skotskade. Litt rollespel hjelper alltid, og Lars føler seg med eitt betre.

Armen inne i kroppen til Lars byrjar å røre på seg, og etter nokre sekund er ho plutseleg ute av kroppen. Lars er glad for å kunne snakke att, sjølv om spyttet renn kvar gong han freistar gjere det.

Alles sieht ganz normal aus, seier Dr. Heinz.

Lars tenkjer at dette er ein viktig, men merkeleg jobb å ha.

gastro1.jpg

3D

januar 20, 2008 av lamapakk

Det er mange trendy ting ein kan føreta seg som Berlinbuar. Døme på dette er ulovleg fest i Minibank (Sparkassenpartys), der ein festar heilt til politiet kjem. Ideelt for den egoistisk-dekadente urbanist.

Men det er også ganske mange harry ting ein kan ta seg til. Eit døme på det er IMAX 3D kino på Potsdamer Platz. I salen finn ein det fremste av White Trash Tyskland har å by på. Og på lerretet ved dette høvet eit krigarepos om helten Beowulf, der handlinga føregår i eit fjelldekt Danmark på 500-talet. Her har vikingane hornhjelm og vert brende på bål når dei døyr.

3d2.jpg

Og kvar trur du eg var i går kveld…

Havelsee eins

februar 23, 2007 av lamapakk

nytt1-057.jpg

Havelsee zwo

februar 23, 2007 av lamapakk

nytt1-067.jpg

Verda!

januar 19, 2007 av lamapakk

Ein ny blogg er fødd! Det er denne gentlemannen som i tida framover skal gaide dykk gjennom livets gruppereise, med full oversikt frå sin tilskodarplass på gratishaugen:

 

Turleiaren

TURLEIAR NORDAL